Av førsteamanuensis Botolv Helleland
( Fremført første gang i NRK P.1, Norgesglasset, 24/10-2000 )
Nørholm eller Nørholmen lyder kjent for dei fleste, kanskje gjev dette namnet ein litterår klang, kanskje har det òg ein negativ politisk bismak.For det var her Knut Hamsun slo seg ned i 1918 og vart verande for det meste fram til han døydde i 1952. Det er ein gammal herregard som hadde høyrt til slekta Kane, men jordbruket der hadde ikkje kasta så mykje av seg. Knut Hamsun var oppteken av moderne driftsformer, og då han i 1920 fekk Nobelprisen i litteratur, og då hovudsakleg for Markens grøde, som nettopp prisar dyrkingsmannen, brukte han ein stor del av pengane til å setja Nørholm i stand. Slik har denne staden gått inn boksoga vår på ein måte som i alle fall ikkje namngjevarane kunne førestella seg.
Namnet er skrive Nørholm, men på Statens kartverk sine kart har namnet fått bunden artikkel i samsvar med den lokale uttalen. Derimot lyder ikkje fyrsteleddet i namnet Nør- på dialekten, men Narr- altså Narrholmen. I dag er det venteleg ikkje så mange som nyttar denne gamle uttalen. Forma Nørholm finst belagt i skrift på 1600-talet, og truleg er det danske skrivarar som har assosiert namnet med dansk Nør- for nord. I Nord-Jylland finst forresten ein parallall, altså Nørholm, og i dette området kan a gå over til ø, så også med dansk utgangspunkt kan opphavet vera ei form Nar-.
No lurer du nok på kva skriftforma Nørholmen eigentleg tyder. Då er det den lokale uttalen som gjev best rettleiing, og /«narrhålmen/ ligg det nårast å føra til gno. knôrr, genitiv knarrar, som tyder skip og var eit vanleg nytta ord i eldre tid. Nørholmen må såleis ha vore ein stad der skip kunne leggja til.
Det er godt mogeleg at Hamsun kjende til både opphavsform og tyding, for det store verket Norske Gaardnavne med forklaring på namna, var då kome ut. Det var kanskje ikkje å venta at han ville gå inn for å innføra ein dialektal skrivemåte, sidan Nørholm var sjå mykje nytta. Dessutan gjev Narrholmen visse negative assosisasjonar som ikkje høvde for den aristokratiske Knut Hamsun.
Men Nar(r)- er ikkje noko heilt eineståande namn, det finst m.a. Narviga ved Kristiansand og kanskje i Narvik i Nordland. Langt oftare finst dette ordet knorr (i gammalnorsk skrive med «o med kvist«), genitiv knarrar, i stadnamn der k ikkje har falle, som i Knarrberg på Nøtterøy og i Knarvik ved Bergen. Men dette språklege sambandet har ikkje vore nok til å velja ei form som avspeglar det interessante kulturhistoriske innhaldet i både Narrholmen og Nørholmen. Og Nørholmen eller Nørholm må vel seiast å vera eit verna namn.
For interesserte:
Enklaste inngangen til forklaringar av stadnamn/gardsnamn er www.dokpro.uio.no
Inngang til Seksjon for namnegransking er www.hf.uio.no/inl/an/